Home Opp / Up / Hoch Røberg Panoramavegen Stryn Briksdalsbreen Geiranger

 

Panoramavegen

Køyr Panoramavegen gjennom skiftande, vakker og vill natur på Nordsida.

Vegen går i varierande høgd over fjorden frå 0 til 500 m.o.h.

Ein får her ein eineståande utsikt over fjell, fjord og trivelege bygdelag.

 

 

   
       
   

På Ulvedal finst det ei unik samling kulturminne bunde saman i ei kulturløype.

Løypa går i vakker natur og omfattar Kvernhusdalen med 7 restaurerte

kvernhus, vetestova - ei 1000 år gammal vaktstove osv.

 

 

   

Utsiktspunktet på stupet på Nos ligg tett til hovudvegen, her ser ein 500 m rett ned

i fjorden og får eit fantastisk utsyn m.a. vestover mot Ålfotbreen.

 

 
   
       
   
       
   

Inst i Randabygda renn elva Tvinna som har gjeve namnet til garden Tvinnereim.

Elva kastar seg utfor eit berg med overheng og lagar Tvinnefossen.

Bak denne fossen går ein veg som var mykje brukt i gamle dagar.

Her kan ein oppleve eit fantastisk spel av vatn, lys og fargar, akkompagnert

av mektig fossedur. Det er ei sjelden oppleving.

 

 

   
       
   
       
   
       
   

Hopland og

Midtsommernatt på Hopland


Else og Hjalmar Dispen
Robjørgane
N- 6783 STRYN   

 TLF:  +47 90 09 52 32  
E-POST:
hjdispen@roeberg.no